Rask levering
Til kassen
Totalt: 0
Meny

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter

Vi anbefaler

Til kassen
Total: 0,-
Fridykking Snorkling

Flaskepost: Adventures of a Nybegynner

På Frivannsliv.no sin blogg kan du lese om turer og opplevelser fra fridykking. Vi kaller det flaskepost. Vi tar gjerne imot bidrag fra leserne våre. Send din opplevelse med bilder og tekst til post@frivannsliv.no, så tar vi kontakt med deg.

 

Heisann og velkommen skal du være. Eg heiter Jan Thomas, er rett over 30 på års-skalaen og ganske fersk fridykker. Eg jobbar profesjonelt som lydteknikar hovudsakleg i musikk og konsertbransjen, men også innan anna kultur, event, samt noke film og TV. 

 


I 2020, etter fire år med ganske hektisk turnering, fekk eg plutselig veldig mykje meir fritid enn planlagt. Etter nokre veker med eigentlig godt mottatt «ferie», etter å ha perfeksjonert Pinà Colada oppskrifta mi og etter å ha oppdatert spillbiblioteket på Steam, så kjente eg at tida var inne. Eg hadde allereie studert cirka alle pakketilboda på frivannsliv.no fjorten gonger, og vurdert om eg kom til å bruke det nok til å kunne stå for pengebruken. Eg skriv jo her, så det var nok innafor.


I fleire år har eg med stor fascinasjon følgd med på diverse kanalar på YouTube som driv med fridykking, harpunjakt og snorkling, hovudsakleg i varmare strøk. Folk som Brody og gjengen ved YBS Youngbloods (Australia) har til dømes vore ei stor innflytelse, der dei fangar gigantiske kreps og utforskar havbotn. Eg budde i Brisbane i fleire år medan eg tok studier, så det var ganske naturlig for meg å trekkjast mot den varmare typen innhald, der vatnet er klart og lyst. Her heime har eg alltid vore ganske redd for alt som kunne gøyme seg under overflata. Det mørke havet og tankane mine om alt det skumle som kunne sprette ut av djupet, har nok gjort sitt for at det har tatt så lang tid for meg å prøve. Eigentleg ganske rart sidan eg praktisk talt budde på sjøen i gummibåt med fem hestekrefter kvar einaste sommar. 


Medan eg var i Australia fekk eg prøvd meg på dykk ved Great Barrier Reef, eg fekk snorkla ved skipsvrak og til og med eit raskt dykk med haier (i ein tank under veldig kontrollerte forhold). Alle desse opplevingane er kanskje nokre av dei eg hugsar best, og det har jo vorte klart at eg måtte prøve dette her heime også (sjølv om eg framleis held meg litt næmt land, og helst med referansepunkt til botn/brupilarer). 


Eg er ganske så fersk i gamet. Eg veit eg vil utvikle meg mot jakt og sanking, samtidig som eg vil utvikle gode teknikkar og tid under vatn. Men mest av alt vil eg ha det gøy, og oppleve den fantastiske utanomjordiske verden som ligger så nært. Å ha ein hobby, der eg får utforske naturen som eg har vakse opp med utanfor vindauget så å seie heile livet. Eg vil veldig gjerne dele litt av den (ofte barnslege) moroa eg opplever når eg er under (og litt over) vatn. Så eg tar med meg ein GoPro, latar litt som eg veit kva eg gjer på, og slenger saman nokre klipp når eg har tida til det. Eg skriv kanskje nokre smått om ting eg opplever og lærer på vegen også. Du kan finne meg her inne på frivannslivsbloggen, eller du kan høyre på mine svært usaklige «tutorials» på instagram ved namnet soundguyjan.

 

 

Hjartleg helsing,
Jan Thomas         

 

 

Podcasten Saltvann - Magiske øyeblikk med Jan Thomas

 

_________________________

KOM I GANG - UTSTYR OG KURS

Vil du begynne med fridykking? Bestill en utstyrspakke, og meld deg på et gratis webinar.

_________________________

 

Produktet du valgte er lagt i handlekurven